
Spider-Man 3
Tredje installasjon i edderkoppserien har rulla over storskjermen verda over no i sommar. Forventingane mine var høge til det som såg ut til å skulle bli den mørkaste hittil. Peter Parker får fleire slemmingar å slåst mot, og så må han ta eit solid oppgjer med seg sjølv undervegs òg.
Hadde dei reinska vekk rundt 60 % av filmen så hadde eg kunne sagt meg godt fornøgd med Spider-Man 3. Første time var tilnærma bortkasta, for eg synest at Tobey Maguire gjorde ein dårleg innsats her, men eg vil ikkje legge all skulda på han. Enkelte stader her er nok det meininga, med det forandrar ikkje mi meining særleg.
Utan flotte kampscener i forrykande dataanimasjon samt ei og anna morosam frase sit eg framleis med ein bismak i munnen etter å ha sett denne for andre gong. Eg saknar eit mål for filmen. Han verkar som fleire episodar frå ein serie med påkosta budsjett.
Rick DeMott på Animation World Network (awn.com) ser òg gode delar som ikkje heilt passar saman. Han meiner filmen får til ei tilfredsstillande avrunding trass i dei kunstige koplingane, medan eg sit igjen med eit langt større vonbrot. Me er dessutan samde om at restaurantscena fungerer. Ho viser nettopp at filmen kan blande humor og konflikt på ein god måte, noko eg saknar meir av i heilskapen.
Forutan delen med Bruce Campbell som fransk restauranttilsett, er ikkje dette rare greiene.
Eg vil dessutan gi meg her, for eg klarar ikkje legge lok på vonbrotet av filmen som heilskap. Sjølv om enkeltdeler var vel så bra.
