Hopp til hovedinnhold
Plakat for Spies Like Us (1985)

Spies Like Us

Film
3

To klønete statstilsette trur at dei er amerikanske spionar, men oppdagar snart at dei berre er lokkefuglar i ei større samansverjing.

Spies Like Us har ein spesiell plass i filmhistoria for ein frå Sogndal. Delar av filmen er spelt inn rundt Haukåsen, eit område like ved Sogndal lufthamn i Noreg.

Utover denne spesielle interessa er Spies Like Us som ein heilt typisk og grei komedie. Chevy Chase og Dan Aykroyd spelar hovudrollene. Komedien er lik mykje anna som dei er kjent for, tilsynelatande seriøst i uttrykket, men med mange innspel av absurde handlingar og tolkingar.

Filmen er ikkje så altfor morosam heller heile tida. Men det er likevel nok til at han aldri blir kjedeleg.

Samspelet mellom Chevy Chase og Dan Aykroyd får ros på Happyotter (happyotter666.blogspot.com), der tempoet og den komiske timinga blir framheva. Skribenten meiner filmen held seg godt ved eit gjensyn, sjølv om spionhandlinga er fullstendig urimeleg. Det er omtrent slik eg òg kan godta han. Dei absurde innslaga held det gåande, og dei to hovudrollene passar til stilen. Eg ler ikkje heile tida, men filmen krev heller ikkje meir av meg enn han gir tilbake.