Spies Like Us - Filmdagbok

Spies Like Us 1985

To klønete statstilsette trur at dei er amerikanske spionar, men oppdagar snart at dei berre er lokkefuglar i ei større samansverjing.

Spies Like Us har ein spesiell plass i filmhistoria for ein frå Sogndal. Delar av filmen er spelt inn rundt Haukåsen, eit område like ved Sogndal lufthamn i Noreg.

Utover denne spesielle interessa er Spies Like Us som ein heilt typisk og grei komedie. Chevy Chase og Dan Aykroyd spelar hovudrollene. Komedien er lik mykje anna som dei er kjent for, tilsynelatande seriøst i uttrykket, men med mange innspel av absurde handlingar og tolkingar.

Filmen er ikkje så altfor morosam heller heile tida. Men det er likevel nok til at han aldri blir kjedeleg.