I Splice får me sjå kva som vil skje den dagen me byrjar med seriøs genspleising, av dyr og menneske til ein skapning.
Eit par forskarar blandar i lag genar frå ulike dyr og eit menneske, og endar opp med eit lite monster. Dårleg humor og altfor få grufulle hendingar gjer at filmen på langt nær handlar så mykje om monster som saka om kraftmastene i Hardanger. Eit tap.
Sjølv om filmen aldri gir inntrykk av å skulle levere topp kvalitet, så har han ei byrjing som gav nokon forventingar til seinare. Den første delen av filmen er sånn sett den greiaste delen, det er når eg oppdagar at det aldri vil ta av at Splice skuffar. Sånn går gangen til filmen, utan verken særleg dramatikk eller spenning. Kvar gong eg trur det skal ta av så gjer det ikkje det. Med unntak av ei einaste scene, den beste scena i heile filmen og ei sexscene å skrive heim til mor om.
Forutan sexscena er det lite som er verdt å røpe. Under middels kan stå som eit samlande ord for filmen i heilskap, som verken har avstikkarar eller overraskingar.