Spotlight - Filmdagbok

Spotlight 2015

Spotlight er ein film midt i blinken for meg. Han har ei god historie som krev litt av sjåaren for å følge med, med mange namn og trådar å nøste opp i. Han består av mange dyktige skodespelarar. Det er seriøst tematikk, og i dette tilfelle ei ekte historie det bygger på. Og historia er tilgjengeleggjort som film på ein framifrå og god måte.

Det handlar om ei gruppe som kallar seg Spotlight, og som driv etterforskande journalistikk for The Boston Globe. Året er 2001. Saka dei no skal ta for seg er overgrep av barn i den katolske kyrkja.

Det er ein film som på ein god måte rettar søkelyset mot det faktiske problemet religiøse institusjonar er. Det er grusamt innhald i denne tematikken, og filmen er seriøs, men det er ikkje ei dyster oppleving å sjå filmen. Det er engasjerande, til ei grad lærerikt, og ein god bruk av to timar på ein kva som helst slags dag.