Hopp til hovedinnhold
Plakat for St. Vincent (2014)

St. Vincent

Film
3

Ein miserabel gammal mann blir næraste nabo til ei nyinnflytta mor og sonen hennar. Han kjem inn i livet deira som siste utveg som barnevakt. Herifrå og ut blir han ein meir sentral del av livet deira.

Han held frå å vere miserabel. Og Bill Murray passar fint til å spele den smått uttrykkslause fyren dette er

Innerst inne er St. Vincent ein film med et hjarte. Ein film som ser komedie i misantropiske karakterar, og samtidig ser dei positive moglegheitene og den gode sida ved ting.

Kanskje ikkje den heilt store komiske opplevinga, eller dramatisk, og ein noko føreseieleg film. Men ei grei sak når alt er tatt til vurdering.

Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com) er langt meir begeistra, særleg fordi Bill Murray ikkje gjer Vincent til ein openbert koseleg fyr bak det sure ytre. Han meiner guten endrar seg meir enn den gamle mannen. Det er ei side eg også likar ved filmen. Hjartet finst der utan at personlegdommen må bytast heilt ut, sjølv om den kjende retninga gjer at eg aldri blir særleg overraska.