Stalag 17 - Filmdagbok

Stalag 17 1953

I brakke nummer fire, i ein fangeleir i Tyskland, er det 75 krigsfangar som lev under relativt dårlege forhold. Dei prøver i blant å rømme, men det viser seg at fangeleirsjefen alltid får med seg kva som er i ferd med å skje.

Stalag 17 er ein krigsfilm med humor, av det gode slaget, stødig regissert av Billy Wilder. Det er ein film om kameratslege band og den mørke sida bak det å ikkje passe inn i eit miljø prega av misnøye og sjalusi.

Denne flotte blandinga av tema gjer seg godt i krigsfilmsamanheng, og Stalag 17 viser dette godt.