Som actionfilm er Star Trek ein god film. Fullpakka med både historie, og spennande og svært visuell ståk.
Denne nye oppstarten av Star Trek-universet tar i hovudsak kjente figurar og omgrep, og puttar det inn i eit moderne og standard storfilmformat. Og det er i grunn den siste delen som fungerer godt.
I forkant av denne filmen hadde eg lite kjennskap til dette universet, og eg lét ikkje gjennomføringar og vektleggingar frå tidlegare Star Trek-filmar og seriar prege meg. Sjølv om eg antar at dette er meir form og mindre innhald enn det har vore tidlegare.
Star Trek er ein film som gjer seg best på kino. Det er den type actionfilm eg vanlegvis ikkje har sansen for, nettopp på grunn av at det er mykje form og mindre innhald, men det er nokon små grep her og der som gjer at eg likevel lar meg underhalda stort av dette.