Star Trek II: The Wrath of Khan - Filmdagbok

Star Trek II: The Wrath of Khan 1982

Star Trek: The Wrath of Khan er den andre Star Trek-filmen, og kom tre år etter Star Trek: The Motion Picture.

Kirk, Spock og resten av mannskapet på romskipet Enterprise møter på Khan, eit supermenneske og resultat av genetisk ingeniørkunst frå slutten av 1900-talet. Khan var ein skurk som dukka opp i ein episode av serien Star Trek, og som etter det har vore i eksil i 15 år på ein planet langt borte. Han er hemnlysten på Kirk som sendte han i eksil. Og når eit romskip, uvitande om at han er til stades, landar på planeten hans får han ein utveg.

Det blir vidare ein kamp mellom intellektet til Khan og erfaringa til Kirk som styrer filmen. Både livet til Kirk og eventuelt alt anna liv står på spel. For kampen står og om å få kontroll over Genesis, ei bombe som er laga for å skape liv ut av ingenting, eventuelt ta livet av alt som finst i eit område i verdsrommet og skape nytt.

Denne gangen var eit gjensyn med Star Trek: The Wrath of Khan. Etter det eg kan hugse var filmen betre første gang, og sjølv om han framleis er god, er det ikkje ein film som utmerker seg. Det er mest på grunn av karakterane og universet at eg er interessert. Spenninga er ikkje den største, og er nok grunnen til at eg ikkje blir oppslukt.