Star Trek III: The Search for Spock - Filmdagbok

Star Trek III: The Search for Spock 1984

I Star Trek: The Wrath of Khan døydde Spock (Leonard Nimoy). I Star Trek III: The Search for Spock vil mannskapet på romskipet Enterprise finne han igjen.

Filmen er den første av to Star Trek-filmar som er regissert av Leonard Nimoy.

Det er ikkje så mykje å sei om handlinga. Ho er god nok til å underhalda gjennom filmen. Det handlar ikkje om originalitet, og det blir heller ikkje forventa.

Søken etter Spock er ein av to trådar som me følger. Den andre handlar om Genesis. I Star Trek: The Wrath of Khan var Genesis ei bombe som gjekk av, og i Star Trek III: The Search for Spock har det oppstått ein planet som følge av eksplosjonen. Og på denne planeten skjer det ein rasande rask evolusjon.

Det er ei viss spenning, trass i det ein noko føreseieleg gang. For min del handlar det om å bli meir kjent med Star Trek-universet, som eg berre har opplevd i tidlegare Star Trek-filmar. Det handlar også om å friske opp minnet om dei mykje refererte karakterane og skapningane.

Eg let meg underhalda og kjenner meg heller ikkje kritisk når eg ser filmen. Det meste som skjer blir tatt som god fisk.