Serien Star Trek: The Next Generation kom i 1987. Med fullstendig nytt mannskap om bord på romskipet Enterprise enda serien opp med å gå over dobbelt så lenge som første generasjon.
Star Trek: Insurrection er ein av fire filmar som kom i åra etter at serien slutta. Me blir med Enterprise til ein avsidesliggande planet der folk lev utan teknologi. Av årsaker unødvendig å gå innpå her, er planeten blitt viktig og midtpunkt for ei mogleg konflikt.
Dette er fiffig science fiction med mange fine idear og eit spennande univers. Eg har aldri sett Star Trek med Star Trek: The Next Generation-gjengen før, men hadde ingen problem med å følge historia eller karakterane. Fleire av referansane har forståelege poeng uavhengig av bakgrunnskunnskap.
Historia kunne nok ha fungert som ein episode i ein serie i forenkla versjon, men er her bygd ut og gjort kompleks nok til å fylle full filmlengde. Så sjølv om eg forventa at dette kunne vere kva som helst, så enda det opp med å vere ei god oppleving. Spesialeffektane er ikkje det ypparste. Det er uproblematisk i seg sjølv, men bruken er til tider irriterande. Men det er berre verdt å nemna for du eventuelt kan tilpasse forventingane dine.