Star Trek IV: The Voyage Home - Filmdagbok

Star Trek IV: The Voyage Home 1986

Etter at Enterprise-mannskapet har søkt etter Spock (Leonard Nimoy) i Star Trek III: The Search for Spock, står kvalsafari for tur. I Star Trek IV: The Voyage Home må Kirk og gjengen reise tilbake i tid for å fange kvalar, for å redde jorda.

Det høyres fantastisk ut, og er nesten det. Det høyres komisk ut, og det er det. Men ikkje som forventa. Sjølv om handlinga er komisk, fungerer det, og det komiske når fram i dei små augneblinkane og kommentarane.

Det er ofte på kanten til tåpeleg, men det blir aldri for dumt. Det forblir heller spennande og engasjerande.