Star Trek: Nemesis - Filmdagbok

Star Trek: Nemesis 2002

I Star Trek: Nemesis blir Jean-Luc Picard (Patrick Stewart) og mannskapet på Enterprise konfrontert med eit nytt styre på planeten Romulan.

Filmen er ikkje så verst. Han blandar interessante historier som heng saman med møte mellom Jean-Luc Picard og ein klon. Eit storslått kampspetakkel mellom romskip får også plass mellom små filosofi, politikk og dramatikk.

Nemesis er ikkje den mest minneverdige filmen, og byr ikkje på mykje filmhistorie eg føler er nødvendig å ta med vidare. Men det er ein grei science fiction-actionfilm med ei god oppbygging. Filmen kastar ikkje bort tida på irrelevant vås, tilslørande klipping eller spetakkel over evne.