Hopp til hovedinnhold
Plakat for Star Trek: The Motion Picture (1979)

Star Trek: The Motion Picture

Film
4

I Star Trek: The Motion Picture står jorda ovanfor ein trussel i form av ei gigantisk energisky på veg gjennom verdsrommet i si retning.

Star Trek: The Motion Picture kom ut ti år etter serien blei avslutta. Det er ein av seks filmar med det originale mannskapet, blant anna William Shatner og Leonard Nimoy.

Filmen er først og fremst science fiction, og det er omtrent ingen action. Me får beundre eit ukjent fenomen og ein trussel, og det visuelle står sterkt.

Det er idear, ikkje krig, som styrer framdrifta. Det er møter som dette med science fiction og romfart eg føretrekk.

James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net) meiner også ideane ligg nær kjernen i Star Trek, men synest den lange ferda gjennom energiskya stansar handlinga. Han saknar dessutan meir av varmen mellom dei kjende figurane. Eg er meir nøgd med å få dvele ved det ukjende. Når sjølve møtet med fenomenet er interessant, treng eg ikkje at filmen stadig bryt det opp med kamp eller raskare framdrift.