Ein av dei svakare Star Trek-filmane er den William Shatner-regisserte Star Trek V: The Final Frontier frå 1989. Det er mangelen på ei god historie som gjer det.
Filmen ser grei ut, har dei rette folka med, men skapar ikkje stemninga og mystikken som dei beste Star Trek-filmane gjer. Det er mindre science fiction, meir action og for mykje åndeleg snakk.
Det er for så vidt ei grei retning filmen tar med tanke på innhaldet, og spørsmåla filmen tar opp blir reflektert rundt. Men utfallet av dramatikken i byrjinga er ikkje truverdig nok. Liten motstand frå mannskapet på romskipet Enterprise var noko eg reagerte på.
Eg fekk store forventingar til både tittelen, og etter dialogen i filmen dreiar seg innpå barrieren nær senteret til galaksen. Forventingar som filmen ikkje lev opp til.
Det kritikkverdige i filmen går mest ut på alt dette. Ei blanding av ei passe tåpeleg og grunn historie, samt at reaksjonane som fører til framdrifta i filmen er vanskelege å svelje.
For å berge filmen inn igjen kan eg nemna at Spock (Leonard Nimoy) og humoren rundt hans person var eit lyspunkt. Den kritiske sansen til Kirk kom også til overflata i blant og baud på eit godt poeng eller to.