Star Wars fortel historia om Luke Skywalker (Mark Hamill) som blir innblanda i den intergalaktiske kampen mellom alliansen og imperiet, då to droidar med planar som kan felle imperiet hamnar i hendene hans.
Filmen har ein god og enkel struktur, og det er lett å følge med på handlinga. Samtidig er det nok karakterar og parallelle historier til at det ikkje blir kjedeleg, og desse blir fletta saman på fornuftig vis.
Det er heller ingen tvil om kva som er den gode og kva som er den vonde sida. Filmen går i grunn ikkje så mykje innpå detaljane her, om kvifor dei vonde er vonde, men det blir sagt nok til at det er truverdig. Og truverdig er nok til at det kan bli laga ein film på det. Det som ikkje blir sagt om vondskapen passar under frykta for det ukjente. Sjølv om det ikkje er heilt passande her, så er det noko med å ikkje ause på med unødvendige detaljar. Filmen er rik nok på inntrykk utanom dette.
Star Wars har i løpet av si to timar lange speletid ei kurant fordeling av spenning og nøysam oppbygging (suspense), og fart og handling (action). Ein del av dei nyare science fiction-storfilmane har ein tendens til å lefle på med altfor mykje dataanimert action. Men sannsynleg både i tonen til tidsperioden, og på grunn av budsjett og andre avgrensingar, er ikkje dette eit problem med Star Wars. Filmen legg vekt på det som eg meiner er viktig i ein film, og det er å bygge gode karakterar, og i ein samanheng som dette truverdige relasjonar mellom desse.
Er det ein ting som øydelegg er det George Lucas digitale etterbehandling av filmen. Det er tilfella der det er opplagt at grafikk er lagt inn i seinare tid eg har problem med. For det første ser det gjerne ikkje bra ut. For det andre er kontrasten mellom enkelte svært fleksible digitale skapningar og andre meir knotete kostymer forstyrrande.