- Filmdagbok

Star Wars: Episode V - The Empire Strikes Back

Star Wars: Episode V - The Empire Strikes Back er ein fullstendig film som har det meste. Det er eit eventyr med humor, spenning, romantikk og dramatikk. Det er science fiction og det er gjenkjenneleg og jordnært.

Premissen for konflikten som er kjerna i filmen er enkelt nok godt mot vondt. Det er lett å henge med på kva som skjer, trass i store avstandar og flytting av handling.

Dei eldre Star Wars-filmane er lette å bli glad i, og verdt å sjå. I langt større grad enn dei nyare filmane, som ikkje er enkle og gode på same måte.

#Star Wars