Hopp til hovedinnhold
Plakat for Stardust Memories (1980)

Stardust Memories

Film
3

Med Ingmar Bergman og Federico Fellini som førebilete. Woody Allen hadde ved eit punkt i produksjonen tankar om å kalle filmen 4, fordi han ikkje var halvt så god som 8½.

Her har Woody Allen sett seg til å fortelje historia om ein oppdikta filmskapar, Sandy Bates (Woody Allen). Han har hatt stor suksess innan komediesjangeren. No vil han lage ein seriøs film. Fanbasen hans er dedikerte og følger med på kva han lagar uansett. Under ein liten filmfestival med berre filmane til Bates på programmet følger me personen i notid, fortid, på film og under festivaltida.

Persongalleriet er fargerikt, trass i at filmen er i svart-kvitt. Dei fleste statistane er bisarre menneskeskapningar, eller karikaturar om du vil. Kamerabruken hjelper godt til.

Stardust Memories er noko for seg sjølv. Han fell ikkje heilt i smak her, men er nok likevel ein av dei meir gjennomtenkte filmane til Woody Allen og blant hans eigne favorittar. Som tilleggsopplysning kan det vere greit å nemne at dette ikkje er meint som eit autobiografisk verk.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) er langt mindre imponert over korleis filmen er tenkt ut. Han saknar ein større idé som kan samle klagene til filmskaparen og føre dei vidare. Eg opplever filmen som meir gjennomtenkt enn han gjer, men får heller ikkje heilt taket på han. Ambisjonane er tydelege utan at opplevinga blir tilsvarande god.