Med Ingmar Bergman og Federico Fellini som forbilde. Woody Allen hadde ved eit punkt i produksjonen tankar om å kalle filmen 4, fordi han ikkje var halvt så god som 8½.
Her har Woody Allen sett seg til å fortelja historia om ein oppdikta filmskapar, Sandy Bates. Bates har hatt stor suksess innan komediesjangeren. No vil han lage ein seriøs film. Fanbasen hans er dedikerte og følger med på kva han lagar uansett. Under ein liten filmfestival med berre filmane til Bates på programmet følger me personen i notid, fortid, på film og under festivaltida.
Persongalleriet er fylt med fargerike personar, trass i at filmen er svart-kvitt, og dei fleste statistane er bisarre menneskeskapningar, karikaturar kan du sei, mykje hjelpt fram av kamerabruken.
Stardust Memories er noko for seg sjølv. Han fell ikkje heilt i smak her, men er nok likevel ein av dei meir gjennomtenkte filmane til Woody Allen og blant hans eigne favorittar. Som tilleggsopplysning kan det vere greit å nemna at dette ikkje er meint som eit autobiografisk verk.