Jane (Dree Hemingway) kjøper ein vase i eit garasjesal, og det viser seg å ligge ein bunke med kontanter i vasen. I staden for å levere pengane tilbake, blir ho venn med den gamle dama Sadie som selde vasen.
Det flotte med Starlet er at forholdet mellom Jane og Sadie blir tatt meir på alvor enn filmen legg opp til. Det er ein viss motstand og skepsis frå Sadie. Og motivasjonen til Jane er også utydeleg. Kjedsomheit? Skuld?
Resten av filmen er så som så. Ei enkelt handling om ustabile menneske, pornobransjen og slikt. Så sjølv om filmen for min del kom greit nok ut av det til slutt, var det litt under tvil.