
Starship Troopers
Før var eg mest opptatt av fart og spenning. Starship Troopers var eit romactioneventyr med masse skyting og herleg grønt og oransje gørr i alle retningar. Her var pene damer og tøffe soldatar utan mykje hjerneaktivitet. Dette var vel rundt sju år sidan.
No var opplevinga ei litt anna. Eg la nok meir merke til den useriøse tonen og all overdrivinga som bevisste trekk ved filmen enn at det berre var tilfeldig gøy, men tykte likvel ikkje det fungerte optimalt. Uansett bevisst overspel, overdriving eller over toppen av det fornuftige blir det altfor hjernedød action. Det er ikkje nødvendigvis ein negativ ting, eg kan sette pris på slike filmar om det ligg meir bak enn i Starship Troopers, men klarar ikkje å engasjere meg nok til å like dette.
Satiren er heller ikkje nok til å engasjere MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com). Ho meiner Paul Verhoeven held så stor avstand til personane at me manglar nokon å bry oss om. Det gir ei mogleg forklaring på kvifor overdrivingane ikkje verkar godt nok på meg heller. Eg ser at mykje er medvite gjort, men det gjer ikkje automatisk dei to timane med action mindre slitsame.
Av dei to timane han varer blei halvparten slitsam og resten underhaldande viss eg smørjer dei delene saman. Bortkasta tid er å overdrive, men å kalle det anbefalt bruk av tid er som å tru på dodraugen.
