Stay - Filmdagbok

Stay 2005

Det manglar ikkje på forvirring i mysteriethrilleren til Marc Forster frå 2005.

Ewan McGregor er ein psykiater som behandlar ein skrudd kunststudent. Studenten sin plan er å drepe seg sjølv på ein bestemt dato. Men ting er ikkje som dei verka, og når dei er mystiske nok frå før er det ikkje akkurat lettfatteleg. Misforstå meg rett, handlinga går an å fatte, men det er flust med små ting som gir eit inntrykk av at det er noko som ikkje stemmer, og desse tar etter kvart overhand. Blant anna er statistane i enkelte scener avgrensa, same personen blir kopiert fleire gonger. Slikt vekker sjølvsagt mistanke for sjåaren.

Vel verdt er det å legge merke til dei flytande bildeovergangane som rører seg godt over i det surrealistiske. Nydelege kameraføringar og ein dyster musikk. Filmen held på ei nerve gjennom store deler, og det er ofte på kanten til å vere ekkelt.

For dei som veit å sette pris på gode skodespelarar. Ryan Gosling spelar den spesielle kunststudenten. Naomi Watts er ein tidlegare sjølvmordskandidat med oppløftande haldning. Ewan McGregor passar dessutan godt inn i rolla som ein flink psykiater, som får sitt å styre med.