Hopp til hovedinnhold
Plakat for Steamboat Bill, Jr. (1928)

Steamboat Bill, Jr.

Film
4

To år etter Buster Keaton slåst mot eit løpsk tog i The General, er livet på ein elvebåt motstanden hans i Steamboat Bill, Jr.

Det herlege med ein Buster Keaton-film er at det nesten er garantert fantastisk fysisk komedie. Samtidig er det så mange finurlege detaljar, blant anna i måten tekstkorta blir formulert.

Kroppen fortel det ansiktet held tilbake, meiner skribenten på Bill’s Movie Emporium (billsmovieemporium.wordpress.com). Han rosar korleis Buster Keaton får oss til både å le og bry oss om guten, sjølv med det same steinansiktet. Det utdjupar noko av styrken i den fysiske komedien. Dei små rørslene og dei store påfunna blir meir enn berre imponerande nummer.

Her spelar han ein fyr som ikkje har sett faren sin sidan han var eit barn. Og no skal jobbe på elvebåten til faren. Noko han ikkje har peiling på korleis fungerer, og som det blir eit leven ut av. Samtidig er det hard konkurranse med ein annan elvebåt som gir filmen ein snev av alvor og dermed gir meir effekt til humoren.

Steamboat Bill, Jr. er ei trygg anbefaling om du har tenkt å sjå ein Buster Keaton-film, og ikkje veit kor du skal starte.