Steamboy - Filmdagbok

Steamboy 2004

God animasjon var ikkje nok her, denne filmen kjeda meg og eg vil aldri sjå han igjen. Akira var så mykje betre, når det er snakk om same regissør.

Og eg håpar at Appleseed og Ghost in the Shell, som eg har liggande til å sjå, blir betre enn dette.

I Suchîmubôi, eller Steamboy, er det berre mange store, bråkande maskiner og bortkasta spenningssekvensar som dekkar over ei svak historie.