Gode verdiar kan dukke opp i all slags film. Eg skyr ikkje dansefilmar, men eg hadde ikkje dei største forventingane i forkant av Step Up. Så tematikken til filmen gleda meg ekstra.
Channing Tatum og Jenna Dewan blir dansepartnerar i Step Up. Ein film om ein ung gut på kanten av lova som møter ei dedikert danserinne når han må gjere samfunnsteneste som vaktmeister på ein kunst- og kulturskule.
Det er ei standard blanding av motsetningar og romantikk, og om hard konkurranse innanfor dansemiljøet. Mest fronta som det harde arbeidet som må til for å lykkast. Og det er her dei gode verdiane kjem inn. Spesielt karakteren til Jenna Dewan har jobba hardt og lenge for å bli god. Ho har investert tid og krefter i fleire år for å lykkast. Det å bli god på eiga hand er ein dyd å sjå opp til.
Når Channing Tatum kjem inn i bilde snur han også om på livet sitt. Frå å stela bilar går han til å jobbe med seg sjølv, og med det han vil. Han gjer sitt beste ut av situasjonen og krev ikkje at andre skal ofre seg for han lenger. Slik han gjorde når han stal bilar.
Denne gode sida ved Step Up gjer det som elles er ein midt på treet romantisk dansefilm til ei fornøyeleg sak.