Hopp til hovedinnhold
Plakat for Stepmom (1998)

Stepmom

Film
3

I dette dramet frå 1990-talet spelar Julia Roberts ei stemor som møter utfordringa i å ha delvis ansvar for ungane til mannen, og frå mora til ungane.

Tema som livet etter skilmisse, barn i nye forhold og etter kvart sjukdom tar opp plassen her. Det er brukt godt tid til å etablere alle delene av filmen.

Eg ser ikkje for meg at dette hadde blitt laga som kinofilm i dag, men set pris på at eit drama som dette er blitt laga som det er. Julia Roberts har med seg Susan Sarandon og Ed Harris i det som absolutt kjennest ut som ein kinofilm i utføring og produksjon.

Sjølv med fleire kjente skodespelarar så trur eg på rollane dei spelar, og i samspelet mellom dei.

Skodespelet får òg mykje ros av SPLICEDwire (splicedwire.com). Omtalen meiner særleg Susan Sarandon og Ed Harris gir kjenslene truverd, sjølv om filmen elles pressar hardt på for å få fram tårene. Eg er meir positiv til sjølve dramaet, men skjønar poenget. Samspelet er mykje av grunnen til at eg trur på denne familien.

Filmen manglar litt driv undervegs. Eg skulle gjerne hatt litt meir variasjon eller fortgang i visse scener, så opplevinga blir prega av det. Men elles likte eg filmen.