
Still Mine
Still Mine er ein inspirerande film om ein gammal mann som vil bygge sitt eige hus, men som blir stoppa av idiotiske reglar og lover.
Som mannen seier i filmen. Han har snekra heile livet sitt og veit kva han skal gjere, og korleis han vil ha det. I tillegg er det han sjølv og kona som skal bu der, så kvifor skal andre blande seg inn. Men sånn er det, også i Noreg.
Still Mine handlar om kampen til mannen mot udyret som er byråkratiet. Alt i frå at han må bruke tid, pengar og krefter på å produsere arkitektteikningar til noko han ser for seg. Til at det går ut over liv og helse å bli tvinga av nokon som i utgangspunktet ikkje har den moralske retten til å bestemme over han.
Ingen argument trumfar mannen sin rett til eige liv, og det eige livet hans som det moralske fundamentet. Det Still Mine viser er den mørke sida ved at staten har fått makt til meir enn å verne folk mot vald og tvang frå andre, og gått til å sjølv utøve dette mot sine innbyggarar.
Joshua Handler på Roboapocalypse (roboapocalypse.blogspot.com) finn den sterkaste sida i den stillferdige prestasjonen til James Cromwell. Han meiner ansiktet og dei små handlingane formidlar både sta vilje og kjærleik utan at filmen må presse fram kjenslene. Det gir kampen ei personleg tyngd eg set pris på. Bak alle hindera står eit menneske som veit kva han vil bruke livet sitt på, og som prøver å få høve til det.
