Still Walking - Filmdagbok

Still Walking 2008

Under filmfestivalen Film frå Sør var den japanske regissøren Hirokazu Koreeda på noregsbesøk og tok også ein tur til Trondheim. Trass i at hans Dare mo shiranai var i tyngste laget for meg, tok eg turen for å sjå Aruitemo aruitemo, også kjent som Still Walking.

Denne var derimot det stikk motsette, nemleg eit hyggeleg og koseleg familiedrama, sjølv med det triste bakteppe for handlinga. Eg let meg ikkje så reint lite fascinere av magien i ei enkel familiesamling. Hirokazu Koreeda, som har brukt mor si som inspirasjon til mora i filmen, har treft med lengde, stemning og karakterane. Resultatet er ein film du må sjå.