Storkane i Storks har slutta å frakte nyfødde babyar til foreldre, og har gått over til å vere leveringsfirma for nettbutikken cornerstore.com. Men maskina som laga babyar er ikkje øydelagt, og blir ved eit uhell starta opp igjen. Ein nyfødd baby må dermed fraktast til sine foreldre.
Storks er ein vittig animasjonsfilm som gjer ein artig vri omkring storkemyta, om det kan kallast det. Storkane har blitt teke inn i det 21. hundreåret reint teknologisk, og alle dyr har blitt få menneskelege trekk. Ikkje uvanleg i animasjonsfilmar.
Samtidig som filmen byr på mange gullkorn og poeng teke på kornet, byggjer historia på eit fint grunnlag som omhandlar familie. Det er babyen som skal til sin familie. Me har ei jente som veks opp hjå storkane, fordi ho aldri blei levert til sin familie. Og me følger familien som skal motta babyen.
Av spesifikke humoristiske innslag i filmen som gjorde sitt, var ein jakta til ein ulveflokk på menneskebabyen. På fantastisk vis gjer ulveflokken seg om til bru, båt og ubåt. Det høyres enkelt ut, men med rett timing som det får, blir det eit av mange herlege augneblinkar.
Storks kan anbefalast.