Straight A's - Filmdagbok

Straight A's 2013

Ein svoger, bror og onkel kjem heim igjen til heimstaden. Han er glad i å drikke, knaske piller og røyke. Broren hans er ikkje heime, men det er kona hans. Mens han ventar på broren slår han seg ned og skapar ein god del trøbbel i sine fotspor.

Straight A's er simpelt hen ein film som ikkje fungerer. Den på kanten karakteren til Ryan Phillippe blei aldri den interessante og ustabile fyren som var nødvendig for å gjere resten av filmen interessant. Det blir prøvd, men det går ikkje heim.

Når det ikkje er humor, og filmen også manglar ei god historie, så er det ikkje mykje å hente her. For eg saknar også ei retning for historia, eller eit poeng. Mitt poeng er at denne greia først og fremst er anonym og manglar det som skal til for å bli god. Ergo er han ikkje god. Eit anna ord for det er dårleg, men eg synst det passar betre å plassere denne i ingenmannsland, eventuelt midt på treet.