Denne science fiction-thrilleren av ei perle med ein ung Ralph Fiennes i hovudrolla kom som ei lita overrasking på meg. Forutan å ha sett namnet på eit par lengre topplister har eg aldri bite meg merke i verken kva Strange Days handlar om, kven som er med eller noko anna om filmen.
Regissøren er den godaste Kathryn Bigelow. Dama stod for regien til Point Break, surfefilmen der hårsveisen til Patrick Swayze kjempar mot havbølger om å vere størst. No skal det ikkje handle om han her, men eg vil på sett og vis påpeike at samanhengen her er den lange armen til lova i ulike kontekstar.
Ralph Fiennes spelar ein eks-politimann, eit faktum som blir lite påpeika, men tydeleg er med på å forme han som person. For tida driv han, Lenny Nero, med langing av minnediskar. Heile historia bygg opp rundt desse diskane, ein oppdikta FBI-finansiert teknologi med moglegheit for opptak av hjerneaktivitet ved å plassere ein kippa-liknande målar på hovudet. Desse opptaka kan igjen avspelast av andre som såleis får oppleve handlingane att som om dei var der sjølv, med sansing, syn – heile pakken.
Teknologien som er reservert til FBI har blitt attraktiv på svartebørsen. Lenny Nero si salsvare er utfordrande opptak som porno, kriminalitet, og liknande. Dei mange lugubre kontaktane til Lenny gjer at han etter kvart får inntrykk av at eks-dama er i fare, og ein minnedisk han får i fanget inneheld farleg informasjon som skaffar han folk på nakken.
James Cameron har hatt mange fingrar med i spelet, både som produsent og manusforfattar, dette har sete sine spor. James Cameron veit stort sett kva han driv med og har sikkert vore med å styre produksjonen nærgåande, med mange gode trådar, idear og spenning som alt heng saman, blir science fiction-debuten til Kathryn Bigelow av det betre.
Hhandlinga til filmen er sett til ei nær framtid, 1999, fire år fram i tid, dei vesentlege forskjellane i samfunnet ligg i eit kaosprega Los Angeles og for oss blir det minnediskane som gjer det til science fiction.
Dei mange forseggjorte ideane fanga meg frå starten av, stemninga som delvis kan bli samanlikna med Blade Runner er til å ta på, men ting eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på gjorde sitt til at eg utover mista litt fokus. Nær slutten blir trådane samla, ikkje alle på vellykka vis, men nok til at eg blei med på notane igjen og gjorde sitt til at to timar og tjueto minuttar ikkje blei bortkasta på nokon måte.