Hopp til hovedinnhold
Plakat for Stranger Than Fiction (2006)

Stranger Than Fiction

Film
4

Harold Crick (Will Ferrell) er ein tilsynelatande normal person i ein normal jobb, med einaste problem at han er for normal, og då eit perfekt utgangspunkt for å bli ein karakter i ei fiksjonshistorie. Slik er det at det startar, med ein forteljarstemme som forklarer nettopp kor kjedeleg og føreseieleg Harold er. Ikkje lenge etter at me har blitt introdusert for han, blir Harold oppmerksam på forteljarstemma, og grensene mellom fiksjon og realitet blir utviska.

Tragedie eller komedie, det er spørsmålet Harold stiller seg sjølv om han er ein del av. Frå tidleg av, historisk sett, på den tida Dante Alighieri skreiv den guddommelege komedie var definisjonen av ein komedie at det ikkje var ei tragedie. Men når det er ei tragisk historie som blir gjennomført med delvis vekt på det komiske, kva skal det kallast då? Vel, heldigvis har ord utvikla seg og eg kategoriserer filmen enkelt som tragikomisk. Punktum.

Kjensler er noko av det viktigaste på film, og Stranger Than Fiction scorar høgt på dette område. Utan å bli for sentimental får han meg til å kjenne situasjonen til Crick på kroppen. Dette blei eg litt overraska over. Surrealistiske filmar som prøver å skape eit spesielt miljø for ein eller fleire av karakterane sine, og samtidig legge vekt på å vere morosame, klarar i mange tilfelle ikkje appellere til tårekanalane mine.

Mannen som får snudd livet opp ned i denne filmen blir spelt av ingen ringare enn Will Ferrell, ein skodespelar som hoppar frå den eine komedien til den andre, og som ofte landar skeivt. I Stranger Than Fiction går det bra, sjølv om det ikkje er så nøye kva Will Ferrell gjer ut av seg. Harold Crick står så sterkt som ei enkel sjel i manuset at eg er freista til å seie at Will Ferrell enkelt kunne ha blitt erstatta. Det betyr ikkje at eg ønsker det.

Kyle Hadley gir Will Ferrell meir av æra på Reviewing the hits and misses (maddhadder.blogspot.com). Han meiner den nedtona spelestilen gjer Harold både morosam og lett å like. Eg legg meir vekt på kor godt figuren er skriven, men resultatet fungerer uansett. Det sære utgangspunktet blir ei historie som får meg til å kjenne noko, utan at filmen må gi slepp på humoren. Her blir forventingane mine innfridde.