Harold Crick (Will Ferrell) er ein tilsynelatande normal person i ein normal jobb, med einaste problem at han er for normal, og då eit perfekt utgangspunkt for å bli ein karakter i ei fiksjonshistorie. Slik er det at det startar, med ein forteljarstemme som forklarer nettopp kor kjedeleg og føreseieleg Harold er. Ikkje lenge etter at me har blitt introdusert for han, blir Harold oppmerksam på forteljarstemma, og grensene mellom fiksjon og realitet blir utviska.
Tragedie eller komedie, det er spørsmålet Harold stiller seg sjølv om han er ein del av. Frå tidleg av, historisk sett, på den tida Dante Alighieri skreiv den guddommelege komedie var definisjonen av ein komedie at det ikkje var ei tragedie. Men når det er ei tragisk historie som blir gjennomført med delvis vekt på det komiske, kva skal det kallast då? Vel, heldigvis har ord utvikla seg og eg kategoriserer filmen enkelt som tragikomisk. Punktum.
Kjensler er noko av det viktigaste på film, og Stranger Than Fiction scorar høgt på dette område. Utan å bli for sentimental får han meg til å kjenne situasjonen til Crick på kroppen. Dette blei eg litt overraska over. Surrealistiske filmar som prøver å skape eit spesielt miljø for ein eller fleire av karakterane sine, og samtidig legge vekt på å vere morosame, klarar i mange tilfelle ikkje appellere til tårekanalane mine.
Mannen som får snudd livet opp ned i denne filmen blir spelt av ingen ringare enn Will Ferrell, ein skodespelar som hoppar frå den eine komedien til den andre, og som ofte landar skeivt. I Stranger Than Fiction går det bra, sjølv om det ikkje er så nøye kva Will Ferrell gjer ut av seg. Harold Crick er ei enkel sjel som står så sterkt på eigne bein frå manuset si side at eg freistar å sei at Will Ferrell enkelt kunne ha blitt erstatta, utan at eg ytrar ønske om det hadde vore eit faktum.
Avsluttingsvis hadde eg tenkt å komme med nokon syn på kva andre har meint om filmen, men står over. Simpelt hen fordi det blir for langt om eg skal prøve å grunngi syna mine, så eg fokuserer på filmen åleine. Ein film som innfrir alle forventingane mine, som treff dei rette punkta og får meg til å smelte som sjokolade i små omnsbakte kaker, og berre nyte filmen i eit einaste langt sukk, berre avbrote av ein skvett med kaffi.