
Stranger Than Paradise
Stranger Than Paradise er ein enkelt klipt film i svart-kvitt med amatørskodespelarar, ei tynn historie og minimalt med populærmusikk. Likevel har han klart å karre til seg ein relativt dedikert fanbase sidan han kom ut i 1984.
Eg vart aldri imponert over det eg såg her. Jim Jarmusch sin andre langfilm har ein del vakkert foto, sjølv om bilde er kornete og svart-kvitt, men står seg ikkje ut som genial på nokon andre måtar. Det som gjer det til ein fin film er at han er tona ned og jordnær på alle måtar, både i idé og gjennomføring. Noko som gjer han lettfatteleg, og ikkje til ein pretensiøse nestendebutkunstfilm frå ein ung filmskapar.
Den upretensiøse sida er nettopp noko Daniel Volfson rosar på Cinema @ UMass Boston (blogs.umb.edu). Han meiner Jim Jarmusch får det underlege til å verke naturleg, og finn mykje å bli oppslukt av i ei tilsynelatande stilleståande historie. Eg ser kvaliteten i det nedtona uttrykket, men blir ikkje like gripen av det. At filmen ikkje prøver for hardt, er fint i seg sjølv, utan at det gjer han stor for meg.
Det er vel ikkje så mykje meir å seie om Stranger Than Paradise. Ein enkel og fin film. Ikkje bortkasta tid, men eg ser ikkje på han som ei prioriteringssak.
