Hopp til hovedinnhold
Plakat for Strangers on a Train (1951)

Strangers on a Train

Film
4

Strangers on a Train er ein film der ein stor del av æra bør gå til Robert Walker, som tragisk nok gjekk bort same året som filmen blei lansert. Då karakteren hans, Bruno Anthony og Guy Haines (Farley Granger) møtes på toget dreiar samtalen deira seg etter kvart innpå ein om det perfekte mordet. Bruno får for seg at han kan drepe den utru kona til Guy, mens Guy kan drepe den slemme faren til Bruno, og at dei begge kan komme unna på mangel av motiv og sosiale relasjonar. Guy ler bort ideen, den psykotiske Bruno ser på dette som ein inngått avtale.

Det som følger er ein mordthriller av høg klasse der Robert Walker mest av alt imponerer som Bruno, ein karakter som vekst på deg som person gjennom heile filmen og blir stadig skumlare. Strangers on a Train er nok ikkje min favoritt Alfred Hitchcock-film, men likevel verdt å sjå.

Debbi Mack på I Found It at the Movies (debbimacktoo.wordpress.com) meiner karusellen mot slutten gir eit godt bilde på kor kaotisk livet til Guy har blitt. Ho rosar Robert Walker, men òg korleis musikk og foto held presset oppe. Det gir litt meir til skrekken eg finn i Bruno. Trugselen kjem frå ein person, men blir større gjennom måten filmen omgir han på. Det er godt thrillerhandverk når eit tilfeldig møte kan vekse til noko som verkar umogleg å sleppe unna.