Strangers on a Train er ein film der ein stor del av æra bør gå til Robert Walker, som tragisk nok gjekk bort same året som filmen blei lansert. Då karakteren hans, Bruno Anthony og Guy Haines (Farley Granger) møtes på toget dreiar samtalen deira seg etter kvart innpå ein om det perfekte mordet. Bruno får for seg at han kan drepe den utru kona til Guy, mens Guy kan drepe den slemme faren til Bruno, og at dei begge kan komme unna på mangel av motiv og sosiale relasjonar. Guy ler bort ideen, den psykotiske Bruno ser på dette som ein inngått avtale.
Det som følger er ein mordthriller av høg klasse der Robert Walker mest av alt imponerer som Bruno, ein karakter som vekst på deg som person gjennom heile filmen og blir stadig skumlare. Strangers on a Train er nok ikkje min favoritt Alfred Hitchcock-film, men likevel verdt å sjå.