Bill Murray står i høg kurs hjå meg. Det same kan seiast om John Candy. Og om komedie, 1980-talet og mykje anna Stripes byr på.
Bill Murray og Harold Ramis spelar to godt vaksne typar som lar seg verve til militæret, i mangel på betre ting i livet å ta seg til. I lag med ein større udugeleg gjeng møter dei utfordringane som er den grunnleggande treninga.
Bill Murray spelar spøkefuglen som trykker på alle knappar og utfordrer befalet. Harold Ramis er det intelligente alibiet til filmen, som du eigentleg ikkje skjønnar kvifor blir med på dette. I lag med John Candy og nokon andre, inkludert Judge Reinhold kjem dei seg gjennom mykje tull og veks, blir flinkare, samtidig som dette heile tida er ein svært useriøs militærkomedie.
Bortsett frå at eg mistar konsentrasjonen og litt av interessa i dei siste minuttane til filmen, då det handlar om å gjere ei stor bragd, likar eg Stripes. Det er kvardagen som er det interessante. Det meir realistiske, sjølvsagt innanfor rammene til filmen. Filmen blir avslutta med ein tur til Italia, og her mistar filmen i grunn det siste fotfestet og blir for useriøs.