
Suburban Girl
Brett Eisenberg (Sarah Michelle Gellar) er redaktør i eit forlag. Ho er flink, men kan bli flinkare. Ho er på veg til toppen, men møter noko motstand.
Ho møter også Archie (Alec Baldwin), ei legende i forlagsbransjen. Det startar med eit vennskap, men blir snart til eit forhold. Han har sine demonar, og ho veks mykje reint personleg i forholdet deira.
Dette er Suburban Girl i eit nøtteskal, ein film med ein håplaus tittel. Det har nok med eit av verka til Melissa Bank å gjere, kvinna som står bak novellene som er grunnlaget for filmen.
Det er ein midt på treet og plankekøyrt romantisk komedie, viss lyspunkt i hovudsak er rolla og evna til Sarah Michelle Gellar i å vere rasjonell. Alec Baldwin er ikkje på sitt beste, men har likevel eit merkbart nærvær.
Samspelet er også eit haldepunkt for Amber Wilkinson på Eye For Film (eyeforfilm.co.uk). Ho meiner Alec Baldwin løftar scenene han er med i, medan Sarah Michelle Gellar står svakare åleine. Eg har meir glede av Sarah Michelle Gellar enn denne vurderinga gir uttrykk for. Men nærværet til dei to er heller ikkje nok til å gjere filmen minneverdig for meg.
Forutan dette er nok Suburban Girl ein film å gløyme, fordi han har lite merkverdig ved seg.
