Japanske Jisatsu sâkuru er ei sprø, blodig og humoristisk innføring i japansk grøssar. Han tar typiske trekk ved retninga og gjer både narr av dei og overdriv.
Tokyo blir ramma av ei sjølvmordsbølge, der ei ukjent kraft driv folk til dette. Men Jisatsu sâkuru klarar ikkje å bygge nok spenning på dette, og mislykkast som grøssar.
Filmen er vanvittig blodig og grotesk til tider, noko som blir det mest fascinerande. Løysinga på mysteriet er så drygt at det blir morosamt nok å følge med når slutten nærmar seg, men vegen dit er uoversiktleg, lite engasjerande, og litt søvndyssande.
Den engelske tittelen er Suicide Club.