Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sukai kurora (2008)

Sukai kurora

Film
2

I animefilmen Sukai kurora får me ei historie lagt til ei verd der det finst pilotar som aldri blir gamle. Dei jobbar som leigesoldatar i selskap som deltek i noko uklare konfliktar.

Det handlar mest om desse leigesoldatane. Om dei i kamp, men òg i kvardagslege stunder der lite hender. Det lbir sagt lite, og filmen byr på lite substans på anna måtar heller. Mykje er uklart, og ikkje på ein spennande måte. Heller kjedeleg. Kall det monotont.

Karakterane vert presenterte som kildren, barn som ikkje aldrast. Filmen gir lite forklaring på dette. Her er det forsøkt å bygge noko opp rundt tid, hukommelse og repetisjon av hendingar, men ikkje på ein interessant måte.

Eg trur filmen kunne vore meir engasjerande med meir djupne i karakterane og ein tydelegare presentasjon av konseptet.

Det eg opplever som monotont, blir ein styrke for The Forgotten (theforgottenreviews.wordpress.com). Omtalen meiner dei langsame partia gir tid til å forstå pilotane si håplause tilvere, der dei aldri blir vaksne og stadig må kjempe vidare. Eg ser tanken bak ei slik lesing. Problemet for meg er at forma ikkje får meg nær nok personane til at gjentakinga blir gripande i staden for kjedeleg.