
Summer Lovers
Rekordhøg puppefaktor og eit sexy trekantforhold er Summer Lovers i eit nøtteskal. Peter Gallagher og Daryl Hannah reiser på ferie i åtte veker til Hellas og møter ei ung, fransk kvinne der.
Summer Lovers spelar på alle klisjeane, men unngår likevel den verste fallgruva. Det er den ultimate 1980-talsfilmen i både form og musikk. Til dei grader på så seriøst vis at det blir eit fascinerande studie ved sidan av showet av nakne kroppar.
Med meir opplagt sex kunne dette fort blitt mjukporno, men i staden er det eit eksempel på frigjort og eksperimentell ungdom.
Fridomen i forholdet får også velvilje hjå Scott Schirmer på Schirmer Cinema (scottsmoviereviews.com). Han meiner filmen unngår å søkke ned i mjukporno og set pris på at figurane ikkje blir straffa for å utforske eit utradisjonelt samliv. Som personstudium er han mindre overtydd. Det er ei fin nyansering av det frigjorde eg finn her. Filmen kan prøve noko interessant med kjærleiken, sjølv om ikkje alle stega i utviklinga kjennest like truverdige.
