Hopp til hovedinnhold
Plakat for Summer of Sam (1999)

Summer of Sam

Film
3

Dette er filmen til Spike Lee om eit utdrag frå liva til nokon folk i New York, med The Son of Sam-morda som eit bakteppe. The Son of Sam var ein seriemordar som herja i området i 1977.

Filmen handlar om paranoia og er meir ein karakterstudie enn ein thriller. Eg forventa ein thriller, men blei ikkje skuffa. Denne filmen er både lett og artig, og har mange gode og kjente skodespelarar som gjer ein god jobb under Spike Lee.

Dette er ein lang film, men han blir aldri kjedeleg. Det er eit fargerik, men realistisk portrett av ein periode og har mange samanfletta historier som spelar godt opp mot kvarandre. Som discoen sitt siste gufs, utruskap, bifili og heile greia med seriemorda i media.

Blake Peterson på Peterson Reviews (petersonreviews.com) likar også kor levande Spike Lee får miljøet til å verke, men meiner dei tynt teikna personane ikkje ber den lange filmen. Eg blir langt mindre lei av å vere med dei. For meg gir dei ulike historiene kvarandre nok liv til at lengda fungerer, og uroa i bakgrunnen held dette fargerike kvardagslivet i ei stadig spenning.