Dette er filmen til Spike Lee om eit utdrag frå liva til nokon folk i New York, med The Son of Sam-morda som eit bakteppe. The Son of Sam var ein seriemordar som herja i området i 1977.
Filmen handlar om paranoia og er meir ein karakterstudie enn ein thriller. Eg forventa ein thriller, men blei ikkje skuffa. Denne filmen er både lett og artig, og har mange gode og kjente skodespelarar som gjer ein god jobb under Spike Lee.
Dette er ein lang film, men han blir aldri kjedeleg. Det er eit fargerik, men realistisk portrett av ein periode og har mange samanfletta historier som spelar godt opp mot kvarandre. Som discoen sitt siste gufs, utruskap, bifili og heile greia med seriemorda i media.