Tiåret er 1980-talet, hovudpersonen er spelt av John Candy, og temaet er sommarferie. Det må nesten gå dårleg for karakterane i filmen.
Jack (John Candy) tar med seg familien på ein etterlengta ferie. Dei kjem fram til eit flott feriehus dei har fått leigd billeg, men det viser seg fort at dei har køyrt til feil adresse. Undervegs og etterpå går mange småting på tverke.
Summer Rental byr sjeldan på dei store latterkulene. I beste fall kan eg humre litt. At John Candy er ein artig fyr reddar mykje av filmen, som spelar nettopp på utstrålinga hans, og ikkje nødvendigvis handlinga han utfører. Forutan dette er filmen lett å gløyme, og ikkje ein film du treng å sette øvst på lista over filmar du bør sjå.