Summer Wars - Filmdagbok

Summer Wars 2009

OZ er ei virtuell verd som heile verda har trekt mot. Alt frå forretningsdrift og sport til integrasjon mot livsviktige tenester.

Ein trussel truar OZ samtidig som protagonisten er på familietreff med familien til dama han latar som han er typen til.

Samâ uôzu, eller Summer Wars, er ei fin blanding av science fiction, komedie og familiedrama. Av komedie er det mengder av rar humor, ikkje utypisk. Filmen klarar blandinga godt. Det er god atmosfære, godt driv og ein dose real spenning også. For ikkje å nemna visuelt tiltrekkjande.

Det er originalt, verdt tida si, og dermed går to timar fort unna.