Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sunrise: A Song of Two Humans (1927)

Sunrise: A Song of Two Humans

Film
4

Blant det beste og vakraste av stumfilm eg har sett er Sunrise: A Song of Two Humans. Ein film som utan for mange historiekort fortel ei god historie.

På mange måtar er dette eit teknisk førebilete. Eksempelvis ved bruk av tilbakeblikk. Men det er først og fremst at filmen lykkast så godt med historieforteljinga som gjer han interessant. Det handlar om ein mann som freista til å vere utru, og prøvd overtala til å ta livet av kona si.

Historia som følger er ikkje så enkel og rett fram som forventa, og det er denne vendinga som utan dialog fungerer så godt. For ein ting er å trene seg opp til å bli van til historieforteljing i stumfilm, ei anna sak er det som her å bli mektig imponert av historia til trass for at dette hadde vore så mykje enklare med dialog.

Historia overtyder mindre enn handverket for Charles Matthews på Misfortunes of Imaginary Beings (charlesmatthews.blogspot.com). Han meiner motsetningane mellom by og land, den gode kona og freistinga er velbrukte, sjølv om bileta gir filmen varig verdi. Eg opplever ikkje historia som noko filmen må overvinne. Det er nettopp måten ho endrar retning og blir fortald på utan dialog, som gjer det tekniske så sterkt for meg.