Sunrise: A Song of Two Humans - Filmdagbok

Sunrise: A Song of Two Humans 1927

Blant det beste og vakraste av stumfilm eg har sett er Sunrise: A Song of Two Humans. Ein film som utan for mange historiekort fortel ei god historie.

På mange måtar er dette eit teknisk forbilde. Eksempelvis ved bruk av tilbakeblikk. Men det er først og fremst at filmen lykkast så godt med historieforteljinga som gjer han interessant. Det handlar om ein mann som freista til å vere utru, og prøvd overtala til å ta livet av kona si.

Historia som følger er ikkje så enkel og rett fram som forventa, og det er denne vendinga som utan dialog fungerer så godt. For ein ting er å trene seg opp til å bli van til historieforteljing i stumfilm, ei anna sak er det som her å bli mektig imponert av historia til trass for at dette hadde vore så mykje enklare med dialog.