Sunshine - Filmdagbok

Sunshine 2007

Med relativt låge forventingar var det eg reiste for å sjå Sunshine, i trua på at det var ein popcornfilm, vurdert frå filmtraileren. At eg skulle sjå han hadde mest med ¨å gjere at Danny Boyle laga 28 Days Later…

I Sunshine er sola i ferd med å slokne. Ei gruppe på åtte er på veg mot sola med ei gigantisk sprengladning som skal danne ei ny stjerne av den gamle. Det er kanskje ei dryg handling, men du verda så effektivt det kan vere å basere ein film på sola.

Me slepp alt tullet som skjer før Ikaros 2, romfartøyet folka er i, har komme dit der filmen startar. Eit pluss på manussida, for det kunne fort blitt for typisk i sjangersamanheng. Eg tenker med gru om Sunshine hadde hatt ei lang opning lik Deep Impact og Armageddon, det har heldigvis ikkje skjedd.

Sola har mykje å sei for inntrykket mitt av filmen. Banalt sagt har eg respekt for sola, og får frysningar av å tenke på det å skulle vere så nær stjerna som Ikaros 2 er. Å sitje ei rad for langt framme i kinosalen bidrog òg til ei sterk oppleving.

Danny Boyle har unngått å dra fyre opp under stereotypane. Snev av klisjear vil det nok vere, men Ikaros 2 har sin eigen psykolog om bord, og folka held seg nok i sjakk til at det ikkje blir dumt. Dei er jo eit team som skal redde verda, og det er ikkje kven som helst som kan ha blitt utvalt til et slikt oppdrag.

Filmmusikken var kraftig og sette god stemning på eit visuelt vakkert bilde. Han kjendest akkurat passe nyskapande og gav ein intensiv giv. Eg vil ikkje karakterisere Sunshine som nokon revolusjon, men som med 28 Days Later… klarer Danny Boyle å skape noko som iallfall verka litt nytt.

Til slutt vil eg trekke inn at faktafeila i filmen blei observert, men ikkje vurdert som negativt. Stille er eit mektig verkemiddel, men det har vel noko med å skulle nå ut til litt fleire når det blir lagt lyd i vakuum. Og slutten, han var utruleg fin, om du er open for litt surrealisme.