Super 8 er eit actionkalas frå J.J. Abrams, med stilen til ein Steven Spielberg-film. Ein underhaldande kinofilm med ofselege spesialeffektar, barn i hovudrollene og familie i oppløysing som deler av problematikken.
Super 8 er ein ellevill barnefilm med aldersgrense på 11 år. Etter at eit tog med mystisk frakt sporar av i ein småby i Ohio, kjem militære dit og snur kvardagen for innbyggjarane opp-ned. Rare ting byrjar å skje, og midt oppi det heile møter me Joe og vennene hans, som var til stades då avsporinga skjedde.
Handlinga går føre seg i 1979. Mangelen på direkte informasjonsflyt legitimerer til ei viss grad forvirringa og bygg opp under det mystiske som skjer. Dette eg òg tilbake til ei tid då filmar som Close Encounters of the Third Kind og E.T.: The Extra-Terrestrial kom ut, Steven Spielberg-filmar som Super 8 har fleire fellestrekk med.
Gjennom Joe og vennene ser me filmen frå ståstaden til barn. At det som skjer er overveldande scener i utgangspunktet, blir berre forsterka av dette og til dels humoristiske vendingar. Replikkane som blir slengt fram og tilbake er gjort med presis timing og poenga er som regel tatt på kornet.
Fram til siste del av filmen er Super 8 inkje mindre enn lett å bli oppslukt i. Det er når klimakset nærmar seg og konklusjonen byrjar at den snille sida ved filmen viser seg å vere i overkant. Klisjeane blir for tydelege og legg seg oppå kvarande ein etter ein, og eg mistar interessa for å følge med, ettersom det blir så altfor opplagt kva veg det vil gå.