
Superbad
Superbad er produsert av Judd Apatow, noko som er merkbart i stor grad på skodespelarane. Merkbart er det òg at han ikkje har regien.
To ungdommar (Jonah Hill og Michael Cera) har ein siste sjans til å ta bli med på ein skikkeleg high school-fest. Desse to og dei andre karakterane er til å sette pris på. Filmen har hausta gode omtalar for å lykkast som meir enn ein rølpete film, og for å ha litt ekstra djupn med karakterane. Eg er einig til ei viss grad, men filmen lenar seg nok i hovudsak på grove ord og mengder med faenskap. Det kan eg like.
Superbad er hysterisk og betre gjennomført enn mykje anna i omtrent same sjanger og har ein ekstra verdi for Judd Apatow-fans, men er inga gåve frå gudane.
Matt Adcock på Darkmatters (darkmatt.blogspot.com) legg større vekt på det gode hjartet under sexpraten. Han meiner trongen til å passe inn og halde fast ved venene gjer filmen til noko meir enn berre ein grov ungdomskomedie. Eg ser også denne sida, men den tek ikkje over for faenskapen som filmen i hovudsak lever av. Det fine er at dei to delane kan fungere saman utan at humoren må bli snill.
